Kva gjer Uskedalen kjend ute i den store verda?
Litt av eit samantreff i Innsbruck!!
Tidlegare i sommar var Steinar og Cathrine Haugland på ferietur til Seefeld i Austerrike. Dei hadde mange fine turar i fjellet. Dei var og nedom klatresenteret i Innsbruck, som er verdas største. Dette var nok spesielt interessant for Steinar som er i arbeidsgruppa for allaktivitetshuset her i Uskedalen der klatredelen er sentral. Dei fekk omvisning, og det skulle gje ei heilt spesiell oppleving for dei to uskedelingane.
-Vi hadde ikkje klatreutstyr med, og hadde heller ikkje tenkt å klatra, men vi hadde lyst å sjå, henta litt idear og kanskje fotografera litt, sjølv om dette er noko heilt anna enn det vi skal byggja som er eit aktivtetshus med m.a. styrkerom, musikkrom, felles samleplass i tillegg til klatredelen, fortel Steinar innleiingsvis.
Dei blei godt tatt i mot av dama i 20-åra i resepsjonen som nok hadde vore med og etablert og bygt klatresenteret. Utan å betala fekk dei omvisning i det imponerande anlegget. Dei kika, tok bilde og dama fortalde om det kjempesvære anlegget, korleis dei hadde gjort ting og kva det kosta..
– Stort i forhold til det vi tenkjer på, og mykje folk. I samtalen etter omvisninga spurde ho kor vi var frå. Då sa vi jo at vi var frå Norge, ikkje langt frå Bergen. Ho fortalde då at ho skulle til Norge og klatra i august, på ein liten plass litt sør for Bergen. Ho kom ikkje på kva det heitte. Eg spurde då om det kanskje var Uskedalen. Det stemte. Det var Uskedalen, så det var litt av eit samantreff, fortel Steinar om den spesielle hendingar.
Nyleg hadde Uskedalssida ein reportasje om mange klatrarar frå ulike land som campa på Fjellandsbøle. Her er eit nytt eksempel på den unike posisjonen Uskedalen har blant klatrarar ute i verda. Det er bygda sitt spesielle gull!
I denne samanhengen er det trist å tenkja på kor mykje arbeid frivillige entusiastar har lagt ned gjennom mange år for å få bygt eit aktivitetshus med stor klatrevegg. Gjennom protestar frå naboar som er svært lite i bygda, har dette arbeidet blitt forseinka i årevis, og er framleis ikkje realisert.
Eg spør Steinar Haugland om korleis stoda i arbeidet er no, han fortel at arbeidsgruppa ganske snart vil komma ut med informasjon m.a. her på nettsida. Dei ventar berre på nokre nye bilde frå arkitekten. Desse er blitt litt forseinka pga ferie.
Frå postlistene i kommunen finn vi at klagen frå eigarane av gbnr. 123/175, Torbjørn og Egil Myklebust og eigar av gbnr. 123/18, Eldbjørg Myklebust Sivertsvoll, er avslått av Statsforvaltaren, og avslaget er endeleg. Dermed kan arealet brukast til idrettsføremål og ein kan tilpassa eksisterande bygg for eit større miljø blant anna klatring.
Både Statsforvaltaren og Kvinnherad Kommune uttalar seg svært positivt både om prosessen og arbeidet som utbyggjarane har gjort.
Etter det eg skjønar, trengst det no å kjøpa eit mindre areal, på godt under 1 dekar, frå grunneigar Eldbjørg M. Sivertsvoll. Dette er for å sikra vegrett til hytteeigarane Egil og Torbjørn Myklebust. Det trengst ikkje kjøpast tilleggsareal til sjølve bygget. Det skal stå på grunn som kommunen eig i dag.
Vi få håpa vi snart ser enden på dette. Medlemmene i arbeidsgruppa har gjort ein imponerande frivillig innsats for å skapa utvikling i bygda gjennom ein lang periode.
Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Privat