Uskedal helselag inviterer til tur: 30. august reiser vi på dagstur til Hålandsdalen.

Foto: Foto: Av Osoi – Selvfotografert, Offentlig eiendom, henta frå Wikipedia

Vi køyrer med felles buss og har planlagt to stopp med guida omvisningar og servering. Første stopp er Holdhus kyrkje; den vesle stavkyrkja i Hålandsdalen. Her får vi oppleve vakker utsmykking i bygget som er i alle fall 300 år gammalt. Vidare vert det omvisning og 2 rettars lunsj/middag på klyngetunet Eidegrend.

Prisen i år er kr 660,- per person. Helselaget dekkjer reise og den eine omvisninga. Mange av medlemmene våre har alt reservert plass, men vi har nokre plassar att dersom det er nokon som har lyst å bli med.

Send ei melding til Eli Roseth Eik på mobil 95786228 for å bli med. Vi gler oss til ein triveleg tur i godt selskap og med interessante opplevingar.

Foto: Eidegrend klyngjetun
Foto: Wikipedia og Eidegrend klyngjetun
Tekst: Elin Legland