Det er lokalisert eit vassledningsbrot ved Bårehuset. Det har lenge vore kjend at det må ha vore vasslekkasje i område ved kyrkja. Dei som vatnar inne på kyrkjegarden, har merka at det har vore lite trykk. Mange har meldt frå om dette. No er truleg vassledningsbrotet lokalisert.

Uskedal Vassverk er informert. Sidan skaden er på kommunal grunn, er kyrkjeverje også på saka. Ei tid vart det sagt at vassbrotet kunne vera i vegen inne på Rabben Feriesenter. Det stemmer ikkje. Lokaliseringa tyder på at det renn ut vatn i grunnen ved Bårehuset.

Soknerådet har motteke mange merknader på dårleg trykk ved vatning. No ser ein fram til ei løysing.

Tekst/nett: Uskedal Sokneråd
Foto: Hans Ordin Østebø - drone