Ei stemningsfull friluftsgudsteneste på Skorpo.
Nær på 40 personar fann vegen til Vågen på Skorpo på den årlege og tradisjonsrike friluftsgudstenesta. Det var ei lett blanding av fastbuande, hyttefolk, sommargjester og kvinnheringar frå fleire bygder. Vert er Annbjørg Vågen. Bror hennar, Ole Kristoffer Vågen, er skysskar. Ikkje nok med det. Nils Rainer Vågen frå same tunet spelar trombone og framfører både solistinnslag og tonar til salmesongen.

Fungerande sokneprest i Uskedalen, Astrid Elisabeth Wilborn, var liturg på gudstenesta. Tidlegare sokneprest i Uskedalen, Kjetil Kringlebotten, var også med utan å gjera teneste. Annbjørg Vågen var klokkar og tekstlesar.
Nils Rainer Vågen framførte klassisk musikk som preludie. Til utgang framførte han The Fields of Athenry, saman med Kristian Bringedal på trekkspel. Det vart i forkant av framføringa vart det orientert om bakgrunnen for teksten, som er henta frå den store hungersnauda i Irland kring 1850.
Etter gudstenesta på knapt ein time vart alle inviterte med på kyrkjekaffi med god heimebakst.
Eit uventa innsalg var det då Nils Rainer synte fram eit sjeldan instrument, ein variasjon av eit bukkehorn. Meir om dette kjem i eige innlagg.
Takk til Annbjørg, Ole Kristoffer og Nils Rainer for god mottaking og gjennomføring slik ein av gjestene sa det: Ei stemningsfull gudsteneste med flotte innslag, i vakker og storslagen natur.
Tekst: Uskedal sokneråd Foto: Kristian Bringedal/ Liv S. Eik Nett: kb