Livleg rundt Fjellandsbøvatnet.
Klatrarar frå ulike kantar på Brustøl og vennesamling i gapahuken.
Det nydelege veret skaper liv og aktivitet i bygda. Det merkast over alt. Når veret er i godlaget, kjem også folk langvegsfarande frå for å oppleva klatreeldoradoet i Ulvanåso. Siste dagane har dei strøymt til frå alle kantar. No er det i alle fall både amerikanarar, folk frå Australia og ikkje minst svenskar og langvegsfarande nordmenn som kosar seg i denne viltre og verdskjende fjellveggen.

Då eg var ein tur til Fjellandsbøvatnet fredag kveld var det ein talrik fricamp på Brustøl, “Camp Brustøl”. Først var eg i kontakt med to begeistra karar frå Oslo som budde i standsmessig bubil. Den eine av dei var førstereisgut, medan den andre hadde vore og klatra i Ulvanåso før, og måtte berre tilbake!
– Dette er så fantastisk at vi blir her til regnet kjem, ei veke eller kanskje lenger, var dei to enige om.

Midt i campingområdet trefte eg på ein gjeng som kom frå ulike stader. Østfold, USA, Sverige, Bergen, Førde og Australia var representert. Felles for dei var det at dei no har base i Oslo. Alle med unnatak av han frå Australia hadde vore på klatretur her før. Lovorda kom tett som hagl. Også desse hadde tenkt seg ei veke her i enden på Uskedalen.


Inst på campeområdet var 7 svenskar samla. Også her var det matlaging, massasje og god stemning. Superlativa sat laust også her: “Magisk, fantastiskt, finnst inte bättre, en upplevelse førr hela livet!”.
Av alle på “Camp Brustøl” blei eg møtt med postivitet og glede. Var tydeleg at dei hadde det “som plomma i egget”. Og medan eg var der kom eit klatrelag på tre tilbake frå dagens klatreoppleving. Trioen var frå Sverige, Førde og USA. Like smilande og fornøgde dei og!
Felles for alle eg snakka med var at dei var opptekne av kor dei kunne sjå kvartfinalen mellom England og Norge. Alle skulle heia på Norge uavhengig av nasjonalitet, men nokre var tvilande til om vi kunne klara å vinna.

Då eg køyrde på heim, stoppa eg ved gapahuken. Endå fleire klatrarar, tenkte eg, då eg såg 5-6 telt. Der tok eg feil. I gapahuken var det samla ein god gjeng med m.a. tilreisande frå Jondal og Bergen til vennesamling med grunneigarane og familie som vertskap. Rundt om i telta var foreldra i gong med legging av barn. Her blei det skapt gode minne. Nokre hadde til og med prøvd fiskelukka.
Denne perla øvst i Uskedalen har så mykje å by på. Balsam for både kropp og sjel. Det er mest så eg begynner å tru på alle dei som hevdar at Uskedalen er finaste bygda i Kvinnherad.
Då eg køyrde vidare heimover registrerte eg klatrartelt i heimre enden av Fjellandsbøvatnet. Elles var fleire klatrarbilar på dei tilviste plassane ved vegen nedover frå Øvre Musland nedover til Vonheim.
Etter turen var det naturleg å ta ein telefon til Magne Heggøy, Rabben Feriesenter. Han kunne fortelja at det var masse klatrarar blant gjestene på Feriesenteret. Svenskane var den dominerande gruppa i tillegg til norske. Dessutan var det mange engelskspråklege frå ulike land. Dei budde hovudsakleg i dei små hyttene i tillegg til telt. Om dagane er dei i Nåsaveggen, men om kveldane kosar dei seg på campingen.
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland