Den kjølege våren og forsommaren har nok sett ein del spor i naturen. Dette er synleg på epletreet mitt. Det er sikkert ikkje noko uvanleg fenomen, men det er i alle fall første gongen det skjer på mitt tre som har fulgt meg i nærare 40 år.
Etter bra blomstring i vår, er det no greitt med knyting(kart) så gode Discovery-eple blir det nok på det trufaste treet i år og. Men midt mellom knytingen er det no dukka opp eit betydeleg antall vakre epleblomar. No drøymer eg om å plukka nydelege eple rett frå treet i jula. Kan de tenkja dåke betre juleeple enn saftige og smakfulle Discovery rett frå treet? Eg gler meg!!

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland