Uskedal Vassverk SA heldt årsmøte på Stemneplassen sundag 29. juni. Leiar Hans Reidar Kjærland ønskte dei frammøtte velkomne og leia årsmøtet gjennom dei ordinære årsmøtesakene.

Eit av høgdepunkta på årsmøtet var markeringa av Bjarne Lilleaas, som no takkar av etter åtte år i styret. Han vart takka for den store innsatsen og det viktige arbeidet han har lagt ned for vassverket gjennom mange år. Årsmøtet valde Nils Ragnar Myklebust som nytt styremedlem. Etter det konstituerande styremøtet har styret denne samansetjinga: – Hans Reidar Kjærland – leiar – Johannes Feet – styremedlem – Jofrid Eik – styremedlem – Lisbeth Døssland – styremedlem – Nils Ragnar Myklebust – styremedlem – Svein Rimestad – varamedlem – Svein Over Bråtun – varamedlem.
Årsmøtet fekk også orientering om at Uskedal Vassverk nyleg har signert avtale med kraftutbyggjaren i Eikeelva. Avtalen skal sikra og ivareta interessene til vassverket, og leggja til rette for at omsynet til ei trygg og sikker drikkevassforsyning vert teke vare på under planlegging, utbygging og framtidig drift.
– Me er godt nøgde med at denne avtalen no er på plass. Ho gjev vassverket eit viktig grunnlag for å ta vare på abonnentane sine interesser i samband med kraftutbygginga. Samstundes ser me fram til å halda fram arbeidet med vedlikehald og vidare utvikling av vassverket, slik at me også i framtida kan levera trygt og godt drikkevatn til abonnentane våre, seier styreleiar Hans Reidar Kjærland.
Styret ser fram til ein ny arbeidsperiode med fokus på driftstryggleik, vedlikehald og vidare utvikling av anlegget til beste for abonnentane i Uskedalen.

Tekst og foto: Uskedal Vassverk, Klara Bakke
Nett: Thor Inge Døssland