Singing Tweens - oppstart 24. august i Uskedal kyrkje.
Hei, hei; no er kyrkja vår i Uskedalen blitt opna att. Veldig bra! Då startar vi oppatt Singing Tweens med ny giv! Og nye yngre leiarar har vi fått med oss. Soknepresten vår, Astrid Elisabeth, og mannen hennar Nikolai Wilborn. Nikolai kjem til å leia songen og Reidar spelar piano. Så no håper vi at DU frå 2. klassetrinn og oppover blir med oss.

6. og 7. klassetrinn kan vere syngande hjelpeleiarar og ha oppgåver som leik, ha bevegelsar, hjelpe med andakt.
Oppstart er måndag 24. august kl 17 i Uskedal kyrkje. Og vi har øving kvar veke, kvar måndag kl 17 – 18. (Vi følgjer skuleruta 26/27).Programmet på kvar øving er som før:
- Song
- Andakt
- Song
- Leik
No når vi har øvingane på ettermiddagene, er born frå bygdane rundt Uskedalen hjarteleg velkomne også!
VELKOMEN!
Mvh Nelly Kjærand (Hovudleiar i Uskedalen sundagsskule – Singing Tweens).
Tekst: Nelly Kjærland Foto: Faksimile frå plakaten Nett: kb