SAKNAR DU BOKHYTTA?
Vi har fått fleire spørsmål om “bokhytta” på kaien. Det var nok fleire enn vi trudde som nytta seg av den.
Bokhytta var sleten og øydelagd, og vart difor teken vekk frå kaien. Som eit alternativ har vi no sett opp ei bokhylle i glashuset utanfor butikken. Den vil fungera på same måte som bokhytta. Du låner med deg ei bok som du set tilbake når du har lese ho eller du set ei anna bok i hylla.
Vi har òg laga til ei korg med teiknesaker til borna.
Butikken og glashuset er ope frå kl. 06.00 til kl.22.00
Vi håpar folk ser på dette som eit godt alternativ.
Helsing oss på Spar
Tekst,bilde: Gunn mari Moberg