Gjødselsutslepp- Status – Elva opna fredag 03.07.2026 kl.18.00

Fiske og bruk av fisken skjer på eige ansvar.

Elva har vore stengt sidan onsdag morgon grunna utslepp frå ein kollapsa gjødselskum.

Forvaltningslaget har vore langs elva i tida etter utsleppet, og berre timar etter utsleppet var småfisken i full fres, og det var stor fisk i hølane. Forvaltningslaget har per no ikkje observert eller fått melding om daud fisk.

Styret i forvaltningslaget har difor kome fram til at fisken truleg har kome betre frå det enn opprinneleg frykta, og at ein no opnar fisket att. Alt fiske og eventuell bruk av fisken skjer 100% på eige ansvar. Ta førehandsreglar når de sløyer, reingjer og lagar mat av fisken.

Elva kan bli stengt igjen ved liten vassføring.

Hald deg oppdatert på elveguiden.no

Info frå elveguiden.no

GM