Stengt elv
Grunna utslepp frå gjødselskum i elva, er elva stengt for all fiske. Stenginga vil halda fram til ein er sikre på at tilstanden i elva er god nok.
Kommunen har tatt vassprøvar av elva. Forvaltningslaget vil halda kontakt med kommunen for å avklara når det helsemessig er greit å fiska i elva att.
Bjørn Einar Grøsvik i Havforskingsinstituttet påpeikar at sidan gjødsel er organisk stoff, er han ikkje veldig bekymra for langtidseffektane av utsleppet.
Synneve Skei, miljøkonsulent i Kvinnherad kommune opplyser at det vil koma fortløpande informasjon om tilstanden på elva i tida framover.
Uskedalselva er ei av få vassdrag som har levert bra laksefiske dei siste 10 åra. Elva er ei typisk Vestlandselv der godt fiske ofte kjem når vannstanden er stor.
Info. frå Elveguiden og Kvinnheringen
GM