Den er ikkje prega av år og slitasje der ho står velhalden og frisk i raudfargen, løa til Astrid Døssland på Heio. Rett nok har det ikkje vore dyrehald i den dei siste tiar, men den står der velstelt og fin til liks med resten av gardstunet. Løa blei bygd i 1926 medan garden var i Anna Døssland, g. Wang, si eige. Ho var tante til Peder Døssland, far til Astrid, og ho testamenterte garden til Peder. Han var sjømann og dreiv garden vidare saman med kona, Klara.

På fleire område var dei føregangspersonar i gardsdrifta her i dalen. Dei var, etter det eg kjenner til, dei første som sette i gong nydyrking med store maskinar som bulldosar. Dessutan kom dei første kyrne av rasen NRF her i dalen til denne garden. Det høyrer med til historia at desse kyrne var så store at dei kom ikkje inn i fjøsen. Derfor måtte dei plasserast i stallen i underetasjen som blei ombygd.

Noverande eigar, Astrid, overtok garden etter foreldra. I hennar eigartid har garden vore pakta bort. Ho har nemleg hatt heile si yrkesaktive tid ved Haukeland Sjukehus der ho har vore anestesisjukepleiar. No er ho pensjonist. Sjølv om ho har budd i Bergen, har ho heile tida sytt for at barndomsheimen har vore særs velstelt.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland.