Det er registrert eit gjødselutslepp frå ein silo til Uskedalselva. Det er Vermund Vetrhus frå Uskedal Elveforvaltning som melder dette no i dag. Hendinga er uheldig, særleg fordi det er lite vatn i elva. Vetrhus gjer merksam på at utsleppet er godt synleg og at ingen må bada i elva. Elva er ikkje opna for fiske med bakgrunn i lite vatn. I morgon er det meldt regn og dermed auka vassmengde. Plassen, der dette skjedde, er på Haugland.

kb