Sindre Aksnes kan meir enn å vera trommis. Har restaurert lærar Andreas Haugland si fele.
Sindre Aksnes, som til vanleg er landbruksvikar, er ein multikunstnar. Han er ein mykje brukt trommis i korps og innan jazz og blues. Dessutan spelar han toradar og fele. Han lagar også artige figurar i tre og stein. Alt er sjølvlært. Det siste er at Sindre tok jobben med restaurering av lærar Andreas Haugland si fele. Haugland, lærar i Haugland og Musland krins i perioden 1922 – 1957, dirigerte kor og var organist i Uskedal kyrkje.

På friluftskonserten på Stemneplassen vart fela synt fram og spelt på. Sindre har funne dokumentasjon på kven som var felemakaren. Namnet hans er Ingolf Elli, f. 1884 i Aasan i Trøndelag. Etter ei tids sjukdom starta Ingolf som felemakar, laga nye og reparerte feler. På ei utstilling i Steinkjær på 1950 talet fekk Elli sylvmedalje for tre fioliner.
Mykje kan tyda på at Andreas Haugland kjøpte fela kring 1950. Etterkomarane er Haugland tok vare på fela og vil no at instrumentet skal vera i skulestova på Haugland. Per Aksel Haugland, barnebarn til lærar Haugland, var med då fela vart synt fram. ( Sjå bilete på topp )
Uskedal Historielag har også motteke arkivalia etter lærar Haugland. Arkivmaterialet er sortert etter tema og vert registrert som eit personarkiv.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Privat