Sjå video av musikkinnslaget

Laurdag før konsertane starta på Dønhaug-jordet, var det ei markering for Magne Huglen som gjekk bort i ei tragisk ulukke i oktober i fjor. Dei som var til stades, melder om ei vakker og verdig minnestund. Mykje folk var samla, og då minnesamlinga starta, vart det heilt stille. Bildet over viser Festidalen-leiinga, Steinar Haugland (f.v.), Lene Skjelnes, Eirik Sævareid, Una Kolle, Jostein Sydnes og Daidalos Dahle, på scenen. Styreleiaren Una Kolle heldt ein varm og vakker minnetale der ho mellom anna kom inn på den store betydningen Magne hadde hatt for Festidalen, det gode samarbeidet, den store innsatsen og det store tomrommet han etterlet seg. Ein svært fin minnetale.
Etter minnetalen framførte tre nære venner av Magne og familien, Atle Fredheim, dottera Nanna Sofie og Oddgeir Røssland, Vamp-klassikaren “Liten fuggel”. Vart, varmt og vakkert som ei fin avslutning på minnesamværet. Musikkinnslaget kan de sjå og høyra i videoinnslaget nedanfor.
Svært mange sette pris på dette initiativet frå Festidalen-leiinga. Dette fortener dei verkeleg honnør for!

Tekst: Thor Inge Døssland
Foto: Kvinnheringen/Erlend Handeland Tuastad
Video: Adelen Hellesund
Nett: Hans Ordin Østebø/Thor Inge Døssland