Byggfag Odda har laga bord og benker til Lothepus sitt langhus. Lærar er Bjarte Eik frå Uskedalen. Det er ei gåve til den kreative og tiltaksame Leif Einar Lothe. Gåva vart nyleg overlevert. Det er laga skilt, montert på Langhuset. som fortel at dette er ei gåve frå Byggfag Odda. Bjarte Eik sitt namn er framheva.

Takk til Lothepus for det han gjer for samfunnet.

Benke, bordet og skiltet er designa av Bjarte Eik saman med elevane på Byggfag. Etter ei drøfting i elevgruppa kom ein fram til at det skulle vera ei gåve. Lothepus er interessert i og har engasjert seg i arbeidet Byggfag Odda gjer for samfunnet. Elevane er utplasserte og tek på praktiske oppgåver innan byggfag.

Bord og benker ved langhuserestauranten.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Privat