Det er tømmeruttak i lia ovom byggefeltet i Ospelunden. Entreprenør et AT skog med innleige av maskinar frå Framtre. Hogsfeltet er alt godt synleg. Tømmeret vert samla og køyrt ut frå velteplass. All utskiping går over Børneset tømmerkai. Uttaket vert gjort med taubane slik det var på Døssland. Beltegåande maskinar vert også brukt.

Tømmeruttak med bruk av taubane og beltegåande skogsmaskin.
Sortert tømmer ligg klar for utskiping.

Grunneigarane er: Endre Nilsen Neset, Dag Hermansen m. fleire. (Sameige), Åse og Knut Johannes Ripel, Kjell Yri og Eldbjørg M Sivertsvoll. Deler av feltet, som også skal hoggast, eig sonen til Rita Ivarhus. Han er ikkje med i grunneigarlaget.

Hogsten er godt merka.

Område er merka. Ingen må gå inn i hogstfeltet. Det er fåre for ras og velting. Ein må særleg vera merksam dersom ein brukar turvegen i område.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal