Komande søndag er det ny Vaffelsøndag i Vonheim, frå kl. 12 til kl. 16. Det vert servert nysteikte vafler og kaffi. Skulemuseet er ope for dei som vil ta ein kikk innom. Ikkje minst er det kjekt for både born og vaksne med leik og moro rundt skulemuseet. Ballar, hoppetau og stylter er på plassen. Matsalen i Vonheim er pussa opp. Det er nye vindauge. No er det ekstra kjekt å kosa seg med ein kopp kaffi i Vonheim. Velkomne opp i dalen.

Tekst/foto: Møyfrid Kristoffersen
Nett: Kristian Bringedal