300 frivillige - mange unge er med for fyrste gong.
På Frivilligsamlinga i kveld vart det møte med over 200 frivillige, mange av dei er med for fyrste gong. Samla tal frivillige er nær på 300 personar. I gruppa mat med Helge Furdal som leiar finn vi mange unge og nye. Bilete syner ungdomar som nyleg har vore russ. No gjer dei ein innsats for Festidalen. Dei er 18 og 19 år gamle.

Prosjektleiar Jostein Sydnes helsa alle velkomne i kveld. Han presenterte styret og gruppeleiarane før alle gjekk i sine grupper for meir informasjon. Nytt på årets festival er mellom anna miljøavgift på glas ( vert gjort for å få redusert plast og bos ), digitalt verkeskjema og eige merchtelt. VM kampen vert synt på storskjermar fredag kl. 21.00.
For å ha nok arbeidshjelp er det hanka inn nokre lag og organisasjonar med betalte tenester. Mellom dei finn vi Husnes Musikklag og MC klubben. Politiet, Brann og redning og Røde Kors er på plass.



Rigginga er i full gang. Mykje er på plass, meir kjem i morgon. Pyntegruppa med figurar, installasjonar og blomar har gort ein kjempejobb.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal