Hesjedugnad på Dønhaug
Tysdag kl.18 var det tid for hesjedugnad på Dønhaug. Festivalområdet er i ferd med å ta form og det var ein flittig gjeng med små og store frivillige som bidrog til å få på plass hesjane. Som takk for innsatsen vart det servert lapper, kaffi og saft. Ei kjekk stund som gav eit flott resultat tross sterk vind og gras som fauk!

Tekst/nett/foto: Marianne Korsvold