Vann 4.divisjon.

Tysnes skulekorps med solid støtte av 8 musikarar frå Rosendal Skulekorps og Uskedal Skulemusikk, har i dag spela NM-konkurranse i Stavanger. Det gjorde dei på ein suveren måte. Dei spela i 4.divisjon, og med den flotte poengsummen på 95 gjekk dei heilt tiltopps. Moster skulekorps kom på 2.plass med 94 poeng, og deretter fulgte Paradis Skolekorps og Rossland Skulekorps på dei neste plassane. Det var 10 korps i divisjonen.
Fire av musikarane, Theodor Børretzen, Sigrid L. Opland, Anna og Ola Hermann Fossli, har ei så travel musikkhelg at dei allereie var på plass i Trondheim då det gode resultatet blei gjort kjent. Dei skal nemleg spela landsfinale der med gruppa Honk Horns i morgon. Vi er ganske sikre på at det blei øyredøyvande jubel i både Stavanger og Trondheim då dei fekk vita resultatet!
Vi gratulerer dei flinke musikarane og dirigent Yngve Nikolaisen. Dette viser at med samarbeid blir dei sterke, og det gjev ungdommane både utvikling og oppleving. Øverst ser vi solokornettist Ebba Hermann Fossli med trofèet.

Vinnarkorpset og dirigent Yngve Nikolaisen tar mot velfortent applaus under generalprøven i Rosendal,
Fire NM-vinnarar med Uskedals-tilknyting: Ola Hermann Fossli(f.v.), Theodor Børretzen, Ebba
og Anna Hermann Fossli etter konserten i Rosendal.
Tekst og nett: Thor Inge Døssland.
Arkivfoto: Thor I. Døssland og eit foto ekspressendt frå NM-arenaen i Stavanger.