Prisopplysningsskiltet på bensinstasjonen verkar igjen.
Etter at skiltet som viser prisane på drivstoff på bensinstasjonen til Thord Paulsen/Knapphus Energi på Brekketoppen har vore ute av drift ei tid, lyser igjen prisane mot oss på skilttavla. No er den reparert.
Eg vil tru at det er viktig for omsetninga at den er i orden. Viss ikkje, trur eg forbipasserande kan køyra rett forbi. Dei kan tru at drivstoffsalget på stasjonen er slutt, og mange likar å sjå prisane før dei stoppar når dei er på gjennomfart. Med gode prisar, er det nok ein del som legg inn ein stopp.
Det har vore mykje snakk om og klaging på drivstoffprisar dei seinare åra. Det er vel ikkje grunn til det no? Mange nødvendige matvarer har nok hatt beydeleg høgare prisstigning.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland