Dugnadsgruppa med stadig nye prosjekt til felles glede.

I dag har den iherdige dugnadsgruppa vore i aktivitet på to ulike prosjekt. Då blir kapasiteten deira utnytta på ein meir effektiv måte. Tvers over for grendahuset Vonheim var fire mann i full gong med barking av rundstokker. Stokkane skal brukast til bygging av ein ny gapahuk. Den kjem ved enden av den populære nye turvegen, tømmervegen på Døssland/Feet. Den vil komma dei mange turgåande til glede. I den kan dei slappa av, nyta kaffi og godsaker, og ikkje minst finna roa ved den fantastiske utsikten. Dugnadsgruppa har tidlegare bygt to gapahukar for turfolket, ein på Flåtene og ein på Klepp. På bildet over ser vi Steinar Kroka, Kurt Haugland, Geir Eidsvik og Pål Haugland i arbeid med barkinga.

Her blir det rekkverk! Audun Eik siktar medan Svein Rimestad og Knut Steinsletten kontrollerer.

Medan fire menn arbeidde ved Vonheim, var tre andre karar i arbeid på Heio. Desse var godt i gang med bygging av rullestoltilgang på garderobebygget. Tidlegare på forsommaren har dei gjort mykje godt arbeid på Heio m.a. med rydding i garderobehuset og med vedlikehaldsarbeid på løpebanen.
Dugnadsøkta blir som alltid avslutta med at dei samlast, drikk kaffi, et nista og ikkje minst drøser godt. Det sosiale fellesskapet er viktig. I dag var samlinga i idrettshuset.
– Vi er jo litt færre enn normalt i dag, for nokre er naturleg nok på reis, sa leiaren for gruppa Pål Haugland. Om dei har tid til å ta ferie, sa han ikkje noko om. Det er eg usikker på??? Dei har i alle fall fortent det. Dei gjer så utruleg mykje nyttig for bygda og bygdefolka i løpet av året!

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland