Thomas Eide ( INP ) frå Uskedalen stiller fleire spørsmål til ordføraren i kommunestyrmøte i dag. Det handlar om arealplanen, byråkratisering og auke i satsane for gebyr. Eide syner til kontakt med innbyggjarar som opplever stadig fleire krav til administrative gebyr i byggesaker.

Dette fører til vanskar for vanlege folk som mellom anna vil byggja ein garasje eller eit tilbygg til eit bustadhus. Resultatet vert redusert byggeaktivitet.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto