Overlevert til Salikat Design i går.

I går var Astrid Haugland, Svein Rimestad og Thor Inge Døssland frå skriftstyret i Uskedal Historielag i møte med Åslaug Snilstveit i Salikat Design i Rosendal. Dei overleverte då materiale til den 4. boka i serien “Den nære fortida”. No skal Åslaug i gang med ein stor jobb å utforma boka etter først å ha sett seg inn i innhald og skaffa seg oversikt over det tilhøyrande bildematerialet. Deretter er det trykking hos LOS Digital AS i Larvik før boka blir lansert på bokslepp i Helgheim 7. november. Før det vil det bli førehandsal med mulighet til å kjøpa bøker til redusert pris. Det startar i august. Bildet viser dei tre frå skriftstyret saman med Åslaug Snilstveit heilt til høgre.

Kor mange sider neste bok blir, er sjølvsagt ikkje klart, men det blir ei fyldig bok med mykje interessant stoff og veldig mange kjekke bilde. Det blir 15 artiklar i den komande boka, og litt i overkant av 200 bilde er overlevert til Salikat Design til utval. Boka blir nok på litt fleire sider enn bok 3. Astid O. Haugland, Gunnhild Kjærland Svendsen, Lavrans Sunde Haugland og Gaute Haugland har hjelpt oss med flotte illustrasjonar til nokre av tekstane. Ståle Eik, Astrid E. Haugland, Tormod O. Myklebust, Thor Inge Døssland, Torkel Stensletten har skrive artiklar. I tillegg er det ein kjekk skulestil som Nelly Haugland skreiv for mange år sidan. Som vanleg er det stor breidde i innhaldet slik at alle vil finna interessant lesnad.

No gler vi oss til det vidare arbeidet fram mot ferdig bok. Parallelt vil vi arbeida med skriving og bildeinnsamling til komande bøker. Det er mykje godt stoff som alt ventar både på komande bok og etterfølgjande.
Vi blir svært glade om nokon kontaktar oss om både det eine og det andre. Bilde, tips, hjelp og andre tilbakemeldingar. Eit særs sterkt ønskje har vi: vi ønskjer fleire med i skriftstyret. Det er veldig kjekt arbeid. Sei frå då viss de kan hjelpa oss litt.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Andreas Hellesøy, Grenda.