Boksalg, vedlotteri og allsong ved Spar på laurdag.
Forfattaren av utvandrarboka blir med.
Frå kl.10.30 laurdag f.k. vil representantar for Uskedal Historielag og Uskedal Friluftslag vera på plass utanfor Spar Uskedalen. Historielaget vil selja bøkene sine, men i tillegg blir det godt høve for prating og utveksling. Det blir også høve til å teikna seg som medlem i laget. Forfattaren av utvandrarboka “Med von om ei betre framtid”, Torkel Stensletten, vil vera til stades. Han vil setja pris på tilbakemeldingar om boka, og han signerer også boka til dei som ønskjer det.
Friluftslaget er i innspurten med eit vedlotteri. Det skal trekkjast på konserten på Stemneplassen førstkommande tirsdag. Lodda kostar 100 kr, det er store vinnarsjansar og det er mogeleg å kjøpa lodd heimanfrå ved å vippsa til 60 55 65 (Uskedal Friluftslag. Overskotet går til å halda Stemneplassen fin og drifta av den.
Kl. 12 kjem eit høgdepunkt for dagen. Då er det klart for ei ny økt med ljomande allsong. Eg reknar med at alle hugsar kor jysla kjekt det var sist allsong, så dette kan blir ei sosial og triveleg stund med prat, song, salg, kaffi og truleg noko å bita i. Kom og bli med sjølv om du verken har tenkt å kjøpa lodd eller bøker denne dagen. Dette blir koseleg!
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland