Når ein avsluttar 8. klasse, kjem ein som regel ikkje utanom spørsmålet om konfirmasjon. Alle er velkomne til konfirmasjonstid i kyrkja, både du som trur, tvilar, er usikker, ikkje trur eller ikkje har tenkt på sånt eller er nysgjerrig. No er snart juni her og invitasjonsbrosjyre vert i desse dagar sendt til alle som fyller 14 år i år og er døypte, og dermed medlem av den norske kyrkja.

Er du ikkje døypt og lurer på om du kan vera konfirmant i kyrkja. Sjølvsagt kan du det. Men sidan dåp er ein føresetnad for å vera med på sjølve konfirmasjons-gudstenesta, vil du få tilbod om å bli døypt undervegs i konfirmantåret. Alle menneske er ulike. Uansett funksjonsevne har du rett til ei god konfirmanttid.

Om du har behov for tilrettelegging, ta kontakt med Kyrkjekontoret i Kvinnherad på tlf 90 53 19 10 (ikkje SMS) eller mail: post.kyrkja@kvinnherad.kommune.no .

Det meste av informasjonen i forkant vil føregå digitalt. Men for konfirmantane i Ølve og Hatlestrand sokn og Varaldsøy sokn vert det informasjonsmøte i Hatlestrand kyrkje tirsdag 9. juni kl. 18.00. Konfirmantane som høyrer til sokna Kvinnherad, Uskedal, Ænes og Åkra, har informasjonsmøte i Kvinnherad kyrkje onsdag 10. juni kl. 18.00. Følg linken under her, så kjem du til ei side der det ligg linkar til dei ulike invitasjons-brosjyrane som vart sendt ut. Her finn du og link til påmeldingsskjema. Her finn du og link til påmeldingsskjema.

https://kvinnherad.kyrkja.no/…/Velkomen-som-konfirmant-2026…

Tekst: Kyrkja i Kvinnherad
Foto: Drone - Hans Ordin Østebø
Nett: Kristian Bringedal