Det var stor stas i går då Uskedal kyrkje vart gjenopna etter å ha vore stengt etter skaden med AMY. Alle, som har med kyrkja å gjera, var på plass. Prosten i Sunnhordland, Arild Steinsland, sa fram helsing til kyrkjelyden. Kyrkjerommet er godt, ramma er god, men mest av alt står kyrkja for nåde og fred og det å fremja Guds velsigning, sa prosten mellom anna.

Cecilie og Amber song vakkert til opning i gudstenesta.

Ann Cecilie og Amber song til opning L. Cohen Halleluja og deretter Men alle som tek imot han og Under stjernene, med tonefylgje av organist Reidar Algerøy. Sokneprest i Kvinnherad, Kjersti Brakestad, sa i preika si at kyrkja forvaltar sakramenta og samlar oss til bøn og salmesong. Ho synte til skrifta over portalen i Eid kyrkje på Halsnøy: Her er Guds hus, her er himmelens port.

Tre prestar og ein prost.

Kyrkjeverje, Torstein Aarthun, fortale om skaden og kva som no vert gjort med sikring og restaurering. Eit halvt år utan kyrkje har ikkje vore eit hinder får å gjennomføra kyrkjelege handlingar. Soknerådet og kyrkjetenar Johannes Solheim har gjort eit godt arbeid med bruken av Helgheim i denne perioden.

I kyrkjebøna var det bedd for kronprinsesse Mette Marit som er ramma av ein alvorleg sjukdom. Likeins vart det bedd for kyrkja i bygda vår, ein stad der alle truande kan møta kvarandre i kjærleik.

Samling av representar frå kyrkja, kyrkjekontoret og soknerådet i Uskeedalen.

Kjetil Kringlebotten. Astrid Elisabeth Wilborn, Jon Harald Kjærland var også med i liturgien.

Per Myklebust spelte fanfaren på trompet. Til markeringa var det kjøpt inn to kaker med skrift på. Kaka var god, den.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal