Entreprenøren NCC legg ut heile 800 tonn asfalt på Kjærlandssido i dag. Nortrans, heimehøyrande i Bergen, står for all transport. Asfalten kjem med båt til Børneskaien og vert henta der og køyrt fram til utlegginga. Nortrans har oppdrag for NCC over heile Vestlandet. Den eine sjåføren, vi snakka med, fortel at det vert lange dagar og at ein ofte bur i dei kommunane ein har oppdrag. Det vert for langt med dagpendling.

Nortrans sine bilar går i skytteltrafikk mellom Børneskaien og kommunal veg på Kjærlandssido.

I dag starta arbeidet ved Uskedal Bru og held fram til ein er på Kjærland der ein stoppa i veka som var. Då er det lagt asfalt på kommunal veg på søre Musland og fram til Friheim. Eit strekk frå Kjærland til Haugland ( Leirholo ) er ikkje med på planen.

Det er same entreprenøren som har lagt ut asfalt i Bringedalsbygda, på kommunevegen frå Helvik til Berge.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal