Idrettsanlegget på Heio er truleg av betre kvalitet enn dei fleste har vore klar over. Det har vore hevda at grasmatta er noko av det beste her i distriktet. Meir overraskande er det nok for mange at løpebanen er særs god. Uttalar frå gode utøvarar tyder på det.
Nyleg var noregsrekorhaldaren i lengde, Ingar Bratseth Kiplesund på besøk hos bestemor si Margot Haugland. Han er ingen kven som helst i norsk friidrett. I tillegg til å vera rekorhaldar i lengde med 8.21 m, kan han skilta med 10 NM-gull utandørs og deltaking både i EM og VM. Han har også fleire NM- gull innandørs. I tillegg har han også sølv- og bronsemedaljar. I tillegg til hovudøvinga lengde er han Noregsmeister i tresteg der han har så god pers som 15.65 m.
Då han var i Uskedalen nyleg, trente han på Heio, og han melde at det var det beste underlaget han hadde trent på på lenge. Det var mjukare enn banane med kunstdekke noko som medfører mindre slitasje på kroppen.

Friidrettsstjerna Ingar Bratseth Kiplesund har uttalt seg svært rosande om løpebanen på HEIO.

Det er kjekt å høyra at ei stjerne med så innhaldsrik karriere som Ingar B. Kiplesund uttaler seg så rosande om banen. Ekstra imponerande blir det som han har oppnådd, når vi veit at han avslutta toppsatsinga for to år sidan, berre 27 år gammal.
Rosen er kanskje ikkje like overraskande for dei som har kjennskap til banen. For eit par tre år sidan brukte Kvinnherad sin beste løpar, Sindre Solbakken Omvik, banen i oppkjøringa til NM. Også han rosa banen.
Når vi veit kor belastande asfaltunderlag er for løparar, må oppfordringa bli: legg noko av treninga til Heio. Unngå unødvendig belastning på kroppen.

Vedlikehaldet av banen kan dugnadsgruppa takkast for. Dei har hakka, reinska og slodda. Og vi veit at det er planar om å slodda den på nytt. Dugnadsgruppa har og rydda i garderobehuset, – både oppe og i kjellaren. I huset skal det no gjerast noko arbeid, og snikkar Ole Vidar Monsen er leigt inn til det arbeidet.

Konklusjonen må vera at vi har eit godt idrettsanlegg på Heio. Det burde vore brukt meir. Både grasmatta og løpebanen er skånsom mot kroppen.

P.S. Då eg var og tok bilde på Heio, var det ein løpar som trena der. Kanskje er det fleire som har oppdaga at det er godt for beina å springa der??

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Thor Inge Døssland og arkivfoto.