Populært med all-idrett
I vår starta Uskedalen idrettslag opp med all-idrett for barn i 1-3.klasse. Dette er blitt eit populært tilbod med godt oppmøte på alle økter. Torsdag denne veka avslutta vi med is før vi tar ein velfortjent sommarferie.

I vinter starta Marianne og Per Håkon Korsvold opp all-idrett for 1-3.trinn. Det har vært pluss minus 10 barn på kvar økt med stor aktivitet, svette lugger og glade barn.
Målet med all-idrett er rørsleglede, og å utvikle motoriske ferdigheiter innan mange ulike idrettar og aktivitetar. Vi kan nevne nokon, som innebandy, turn, fotball, friidrett, sykkel, ball-leik, kanonball, styrke m.m.
Målet er å starte opp igjen etter sommaren, og då blir det ei gruppe for 1-4.trinn, og ei gruppe for 5-7.trinn. Meir informasjon kjem når det nærmar seg oppstart igjen. Vi har plass til fleire. Men først tek vi sommarferie!

Tekst/foto/nett: Marianne Korsvold