"Her samlast me under klokkeklang, med orgelspel og frydefull sang". Kyrkja er teken i bruk.
Uskedal kyrkje er teken i bruk att etter skaden og nedstengng i eit halvt år. Arbeidet med avstiving og sikring var ferdig onsdag. Så var det utvask og klargjering av kyrkjerommet. Tidleg torsdag morgon var det nokre som høyrde klokkeklang. Det var ein prøve.
Etter gravferd fredag var kyrkja klar for stort brudefylgje i dag, laurdag 30. mai, kl. 14.30. Budeparet kjem frå Oslo, men har slekt og familie i Uskedalen. Sjølve brudlaupsfesten er i Helgheim.

Neste laurdag er det på nytt brudlaup og kyrkja og Helgheim er sentrale arenaer i feiringane.
Overskrifta i dette innlegg er henta frå Uskedalssongen, skriven av Søren Feet. Uskedal kyrkje var ferdig bygd og vigsla desember 1914. Alt i jule- og nyårshelga var det fyrste brudevigslene.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Drone Foto: Hans Ordin Østebø