Nærmar seg slåtten. Ikkje kast øl- og brusboks i graset.
Det nærmar seg første slåtten for bøndene og kvart år høyrer vi om uheldige hendingar ved at det vert kasta øl- og brusboks i graset. Det verste som kan skje, er at boksen kjem i forhaustaren, vert riven opp i mindre bitar og kjem i foret. Det er mange døme på at store skader i dyremagen fører til avliving.
Det er Rune Eikeland med feriehus på Eikelandet Brygge og som ofte går tur langs vegen, som minner oss på at no nærmar det seg slåtten og at alle bør tenkja seg grundig om før ein kastar boks ut bilvindauga. Tenk deg om slik at ein unngår at den oppriven boksen kjem i magen på ei ku.
Dei mest utsette plassane for boks i graset er langs fylkesvegen gjennom Uskedalen, frå Rød til Eik, men også langs fylkes- og kommunevegen frå sentrum og til Musland.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Rune Eikeland