På generalforsamling i Uskedal Aktivitetshus AS vart Bjørnar Eik vald til ny styreleiar. Med seg i styret har han: Therese Haugland Bondhus, Oddmund Lunestad, May Kjersti Stensletten og Odd Steinar Arnesen. Per Korsvold går ut av styret. Inn kjem Bjørnar Eik. Det var godt frammøte til generalforsamlinga i kveld og det vart gjort vedtak om vedtekstendring.

Uskedal Aktivitetshus er organisert som eit AS med ein aksjekapital av 716 aksjar a. kr. 1 000,-. Uskedal Idrettslag har flest aksjar ( 300 ). Deretter kjem ni verksemder og organisasjonar med meir enn 10 aksjar. Det var frammøte frå fleire av aksjeeigarane. Nokre møtte med fullmakter.

Rekneskap og årsmelding syner at det er god drift med stabil økonomi og god lekviditet. Nytt i 2025 er kommunal driftstilskot. det same som gjeld for Strandulvhallen på Hatlestrand. Revisor har ikkje merknader til rekneskap og drift.

Vedtekstendringa går på tilpassing med meir fokus på frivillig drift. Dette vert mellom anna gjort for å koma i posisjon for tildeling for midlar frå Tippemidlar og klargjering for søknader frå stiftingar og gåvefond. Ei anna presisering handlar om at idretten og andre frivillige organisasjonar skal vera eigar av meir enn 50 % av aksjane.

Ved konstituering av styret vert det teke bilete som vert lagt ut på uskedalen.no.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal