Ver merksam på fredningssona ved elvemunninga.
Etter ei hending med garnfiske i fredningsona i Austrepollen i Mauranger bør ein vera merksam på forbod mot fiske i rett line frå Holmen til Børneset. I dette område, som vert kalla munningsfredningssone, er det ikkje lov å fiska med mindre garnet står minst fem meter under vassflata. Målet med tiltaket er å verna om laks og sjøaure som kjem inn til kysten og som finn vegen opp Uskedalselva.
Lenge var skiltet på Holmen og på Børneset mest uleseleg. No er nye skilt på plass. Det er Statens naturoppsyn under Miljødirektoratet som fører tilsyn og pålegg bøter dersom det skjer ulovleg fiske.
Mindre hendingar fører til gebyr. Bruk av garn er verst. Her er det politimelding og pålegg om bøter.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal