Trass vekslande og litt usikkert ver var det godt frammøte til 17. mai i Uskedalen.
Veret var ikkje det beste. Litt kjøleg og vekslande ver sette likevel ikkje dempar på frammøte og gjennomføringa av programmet i Uskedalen. Avslutninga av dagen på Stemneplassen var fin med tale for dagen, minnemarkering, musikk og takkehelsingar.

Uskedal skulemusikk spelte til to av nasjonalsongane, ei oppgåve dei kom i frå med glans. Ein av songane var Kongesongen, med omsett tekst av Edvard Hoem. Uskedal Musikklag hadde tonefylgje til Uskedalssongen av Søren Feet.
Amailie Røstbø la ned blomear på krigsminnesmerke, reist til 50 års fredsjubileet i 1995. Ho nemnde dei to med namn på steinen, Hans Laurits Landa og Torger Olsen Feet, begge omkom på sjøen i krigsåra.

Frøydis Gjuvsland frå Styringsgruppa takka sentrale personar med oppgåver og ansvar i markeringa av Grunnlovsdagen.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Monica Hammer/ Kristian Bringedal