Salutt, gudsteneste og minnemarkering ved Bautasteinen.
Grunnlovsdagen tok til med kraftig salutt kl. 07.00. Skytebas var som i fjor, Andreas Haavik frå Herøysundet. Runar Myklebust sytte for skyss til Øredalen på Skorpo. Nøyaktig plass for salutten var Lialendet. Etter flaggheising på Helgheim, skulen og Stemneplassen var det samling i Helgheim til gudsteneste. Koret med nytt namn, Samrøystes, song nasjonalromantiske songar. Norge mitt Norge, Å, eg veit meg eit land og Ja, vi elskar er på repetoaret. Musikalsk leiar er Maria Malmsten. Tonefylgje: Gro Skeie.

Minnemarkeringa ved Bautasteinen vart gjennomført etter oppsett program. Vanskar med lyden førte til at mange ikkje fekk med seg teksten. 5. klasse elevane las godt, fleire las utan manus. Bilete på topp syner Christoffer og Åsmund Olav som la ned blomekrans ved Bautasteinen.
Uskedal Musikklag spelte til songane. Seinare i programmet på Stemneplassen framførte dei marsjar slik vi vil ha det på 17. mai.

Folketoget gjekk via Båthamna til Aktivitetshuset og fotballbanen der det var matsal og leikar for born og vaksne.
Resten av programmet for dagen kjem i eige innlegg.

Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Runar Myklebust/ Kristian Bringedal