Amcar vennegjeng la inn stopp i Uskedalen - dagen før dagen.
I 13 tida i dag kom tre større amerikanske bilar inn på parkeringsplassen ved SPAR. Ut steig ei vennegruppe frå Bergen, Voss og Seim i Nordhordland. Dei la inn stopp på gjennomreise til Halsnøy. Ei av dei, som er med i fylgje, har slekt der.

Bjarte Høylandskjær fortel til uskedalen.no det som samlar dei er felles interesser for motor, særleg det som går på amerikanke bilar, motorsyklar og mopedar. Dei dreg saman på turar og nyt naturen og den lokale kulturen. I Uskedalen kom dei oppi lodd- og boksal og allsong i Utestovo ved SPAR.
Artig er det å høyra om mopedsamling i Skagen i Danmark. Då tek dei mopedane på Fjordline ferja, køyrer moped frå Hirtshals til Skagen og er med på festival der.
Bilane frå venstre:
- Lincoln Continental 79 modell, 5,97 meter lang
- Chervolet Impala 77 modell
- Lincoln Continental 77 modell
Bil 1 og 3 er mest like. Ein har fire dørar, den andre har to dørar.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal