Frå Røysterett for Alle til Samrøystes.
Etter ein lang og omstendeleg prosess er det nye kornamnet bestemt. Det vart Samrøystes. Haldor Tveit er mannen bak namnet. I innspurten stod det om tre namn. Namnet Samrøystes gjekk av med sigeren med eit klart fleirtal. Det nye namnet på koret vart markert med kake i forkant av øvinga på Husnes i kveld. Så langt ein kjenner til, er det berre koret i Kvinnherad som brukar dette namnet, slik det også var for Røysterett for Alle. Namnet er unikt.

Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Lars Hendrik Skogtun