Sist veke var det to ulike aktivitetar ved skulen vår: Vi arrangerte Tinestafett for alle klassane, og så var det hoppetau-konkurranse i tillegg. Ei veke prega av mykje fysisk aktivtet med andre ord.

Fredag vart det arrangert Tinestafett for alle klassane ved skulen vår. Alle elevane har den siste tida brukt mykje tid på å øva både vekslingar og kven som skal springa kva etappe. Løypa er omlag 1,6 km lang og kvar etappe er ca. 200m. Elevane frå 1.-4.klasse og 5.-7.klasse tevla mot kvarandre. Vinnarlaget sprang så mot eit lag med tilsette frå skulen, og det var utan tvil elevane som var best. Etter stafetten fekk alle born og vaksne is. Tusen takk til Spar Uskedalen for sponsing!

Kvart år arrngerar Nasjonalforeningen for folkehelse det som vert kalla “Hopp for hjarta”. Dette er ein hoppetau-konkurranse for alle skular som ønskjer å delta, der ein for kvar enkelt klasse skal registrere antal minutt ein hoppar pr. dag. Helselaget i bygda vår er så greie at dei har sponsa alle elevar med t-skjorter til aktiviteten. I tillegg har helselaget hatt oppe quiz som elevar og tilsette har delteke på, og det vart både elev og tilsette som var så heldige at dei vann der. Vi ønskjer å takka helselaget for t-skjorter og samarbeid i samband med aktivitetsveka.

Foto: Sindre J. D. Seljeseth
Tekst og nett: Odd Steinar Arnesen