Ove Lemicka ( FrP ) vil byggja omsorgsbustader i sentrum i Uskedalen.
På ope møte på Halsnøy om kommunal eldreomsorg tok Ove Lemicka ( FrP ) opp spørsmålet om omsorgsbustader i fleire bygder. Han peika særleg på om det let seg gjera å få bygd slike bustader i Uskedalen. På Halsnøy er det ynskje om å bruka tomta vest for noverande Halsnøytun. Lemicka ser på dette som ei god løysing som må utgreiast av lokale krefter. Det kan byggjast med husbankfinansiering og annan kapital utan store kommunale utlegg.
Lemicka vil at same modellen skal prøvast i Uskedalen. No spør han ordføraren om det kan vera ei aktuell organisering for ei tilsvarande utbygging i andre bygder, ikkje berre på Halsnøy, men også i Uskedalen.
Spørsmålet er om ordføraren kan ta initiativ overfor bygdelag m.m. for å sjå på eit slikt tiltak.
I samtale med uskedalen.no kjem det fram at plasseringa bør vera i sentrum med gangavstand til alle servicefunksjonar. Lemicka kjenner til og er merksam på kven som eig desse areala i dag, sameleis kor det finst godkjend reguleringsplan for arealbruk.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal