Områdesjef i HV 10, Tor Vidar Sæle frå Uskedalen stod for kransenedlegging på kommunal markering av Frigjerings- og veterandagen, 8. mai. Sæle har kapteins grad. Han er tidelt Forsvarsmedaljen for lang og tru teneste i forsvaret. Han var i si tid fallskjermjeger. Det er synleg med Vingen på uniformsjakka hans. Sjå meir kva Kristian Hus frå SKIMTVIS skriv om markeringa.

FREDSMARKERING: 8. mai 2026 går over i historia som ei svært fin og minnerik markering her i Kvinnherad. Ved Husnes kyrkje (biletet) var det tale av ordførar Vegard Bjørnevik, som mintes dei frå Husnes sokn som døydde under siste verdskrigen.– Vi må ikkje ta freden som ei sjølvfølgje, sa ordføraren blant anna.Etterpå var det kransenedlegging ved områdesjef i Heimevernet, Tor Vidar Sæle.

Han òg kom inn på dei som måtte bøta med livet under krigen. Eit kor frå Undarheim skule bidrog med fin song. I det fine vår-vêret hadde mange funne vegen til kyrkja for å vera med på denne årlege markeringa av freds- og veterandagen i Noreg.

Seinare på dagen var det også markering utanfor rådhuset i Rosendal.

Tekst/foto: Kristian Hus
Ingress/nett Kristian Bringedal