Verdig og lærerik minnesamling på Stemneplassen i dag, 8. mai.
Det vart ei verdig og lærerik 8. mai markering på Stemneplassen i dag. Mellomsteget frå Uskedal skule var med. Etter flaggheising kl. 08.00 starta markeringa ved krigsminnesmerke kl. 08.30. To elevar stod flaggborg. Elevane fekk ei historisk innføring med vektlagde område på sjøfolka og dei som vart mobiliserte i 1940. Det vart også fortald om bakgrunnen for at minnesmerke vart reist og avduka i 1995, 50 år etter freden i 1945. Det er to namn på steinen, begge sjøfolk. Det er Hans Laurits Landa og Torger Olsen Feet.

Neste innslag var ved infotavla inne i møterommet. Tidsvitne Bjørgulv Eik fortalde gripande om krigshendingane i Uskedalen og Herøysundet 18 – 20. april. Bjørgulv var 7 gamal og minnest kva som skjedde. Han, saman med familien, søkte ly i kjellaren i nabohuset. Då freden kom, var Bjørgulv 12 år. Han delte minne frå fredsfeiringa med musikk og tog alt 7. mai og nytt folketog 8. mai, likeins om alt folket som var samla ved Helgheim for å høyra Kongen sin tale frå ein høgtalar sett fram i eit vindauga.

Thor Inge Døssland orienterte om at det er mykje interessant stoff å finna i Uskedal Historielag sine årbøker. Meir vil koma i komande bøker.
Nokre elevane hadde spørsmål. Det gjekk for det meste på rasjonæring, blending og det å leva og bu i krigsåra. Ein elev fortalde litt om oldefar sin, Per Korsvold, som var sjømann og omkom i krigsforlis ved torpedering 30. mai 1943. Skipet hadde namnet D/S RINDA.
Minnemarkeringa vart avslutta med ferdrelandsalmen Gud signe vårt dyre fedre land.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Thor Inge Døssland/ Kristian Bringedal