I dag har Uskedal helselag ved Gunnbjørg Eik og Elin Legland delt ut t-skjorter til alle elevane ved Uskedal skule. Dette er i samband med Folkehelseveka 2026 i regi av Nasjonalforeningen for folkehelsen.

Uskedal skule er ein av 154 skular i Hordaland som har meldt seg på “Hoppetau-konkurransen 2026” der 4.-7. klasse er med. I Uskedalen hoppar heile skulen, sjølv om 1.-3. klasse ikkje er med i den offisielle konkurransen.

Dei yngste elevane vart oppmoda av rektor Odd Steinar til å prøve å hoppa meir enn dei eldre elevane. For helselaget er det fint å kunna vera med å inspirera til fysisk aktivitet og belønne alle elevane med ei t-skjorte.

Tekst/foto: Uskedal Helselag
Nett: Kristian Bringedal