Bonde Hans Reidar Kjærland frå Uskedalen toppar lista over besetning i Kukontrollen med høgast yting i 2025. Ytinga gjeld for besetning inntil 20 årskyr. Kjærland med best besetning er rangert etter kg EKM. I tillegg til kg EKM syner lista fett- og proteinprosent og kg kraftfôr/100 kg EKM. EKM står for Energikorrigert mjølkemengde. For å koma med på lista er det eit krav at at besetninga har godkjend årsoppgjer.

1. premie kua Bambie med gode resultat har vore til god hjelp for å toppa lista.

Det er elles ei rekkje krav til veging og mjølkeprøvar for å få godkjend årsoppgjer i Kukontrollen. All kraftfôrtildeling vert innrapportert, også kraftfôret i mix eller fullfôrblandinger.

Hans Reidar Kjærland har vore på lista i 11 år. I 2025 vart det topplassering.

Oversikt:

  • Buskap: 19 årskyr
  • Fett: 4,74 %
  • Protein: 3,52 %
  • Kg kraftfor/100 kg EKM : 28
  • Kg EKM: 12 500

Frå ein artikkel i Norsk Bondeblad tek vi med:

Blant de mindre brukene er Hans Reidar Kjærland en enslig svale. Med sine 19 årskyr er han den eneste i kategorien under 20 årskyr som har kapret en plass på listen over landets 20 høyestytende besetninger, uavhengig av størrelse.

Uskedalen.no gjer merksam på at innlegget her er ei forenkla framstilling med bakhgrunn i ein artikkel i fagbladet Buskap 3/2025.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Hans Reidar Kjærland