Pangopning for folkepuben Støyperiet. Initiativtakar er Åsmund Lilleaas frå Uskedalen.
Folkepuben Støyperiet er opna. Initiativtakar er Åsmund Lilleaas frå Uskedalen. Det er fem år sidan Åsmund fekk tanken om ein pub på Husnes. For to år sidan skreiv han eit innlegg i lokalavisa. Med god støtte er ideen vorten til røyndom. Med pangopning på 1. mai, der faktisk den eine ølsorten vart utseld, er ein no klar for drift med open pub onsdag, fredag, laurdag og sundag.

Uskedalen.no var innom puben i dag ein time etter opning kl. 12.00. Mange gjester var alt på plass, nokre for ein kopp kaffi, andre for ein halvliter. Interiøret er i retrostil. Alt av bord, stolar, lampar og sofagrupper er gåve frå ivrige entusiastar. Ei bokhylle og eit trekkspel er blikkfang. Fokus er ein fast møteplass i eit koseleg og triveleg miljø.
Åsmund Lilleaas fortel til uskedalen,no at verksemda er organisert som eit AS med til no 109 aksjonærar. Dei som vil vera med som luteigarar, vert sett opp på ei venteliste. Den frivillige bargjengen har forplikta seg til minst ei vakt i månaden. Bryggeriet Ringnes er leverandør av drikkevarer.
Aldergrensa er 20 år. Målet har heile tida vore at Folkepuben Støyperiet er for eit vakse klientell. Ein legg ikkje opp til matservering, men ein avtale med Pizzabakaren vil vera ei løysing for å kunna få seg mat.
I innkøyringsfasen vil ein hausta erfaring for vidare utvikling og drift.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal