2 millionar kroner til Frivilligløftet 2026.
Frivilligløftet 2026 er ei ny støtteordning frå Kvinnheradstiftinga. Heile 2 millionar kroner skal gå til drift, vedlikehald og utstyr. Slagordet er: Eit løft for dei som løftar andre. Dette er nytt. Fram til no har midlane frå banskstiftinga vore øyremekt til prosjekt og invsteringar, ikkje drift.
Målet med Frivilligløftet 2026 er å gje eit løft til dei som kvar dag yter ein innsats for andre. Midlane kjem frå avkastning frå eigarskap i Sparebank 1 Sør-Norge.
Bilete syner Bente Lie Nilsen ( dagleg leiar ) med styret bak.
Søknadsperioden er: 27. april til 26. mai 2026.
Tekst/fott/nett: Kristian Bringedal