Mange har merka seg at kystvaktskipet KV BERGEN har vore i Uskedalen i denne veka. Fartyet kom måndag og låg til kai ved Eidsvik/Selstad sitt anlegg på Børneset. Alt neste dag var skipet på fjorden, både i Storsund og ute i Hardangerfjorden.

KV BERGEN ( 93 meter langt ) er definert som eit patruljefarty og har oppdrag på heile kysten. Redaksjonen kjenner ikkje til kvifor eller kva oppdrag skipet hadde i Uskedalen. Forsvaret og andre med relasjon til skipet er påhaldne med informasjon.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Øystein Enæs