Synte fram Vonheim og Haugland skulemuseum for 30 gjester - med niste og skulemjølk.
I regi av Frivilligsentralen vart det i dag invitert til Open skulestove på Haugland skulemuseum. 30 påmelde nytta seg av tilbodet. På to timar fekk ein mellom anna med seg: Innføring i bakgrunnen for Landssulelova frå 1860 med krinsskular, Vonheim – eit bygg på flyttefot, frå hestestall i Sandvikjo i Dimmelsivk, via skule i Uskedalen og det fyrste Helgheim til forsamlingshus på Haugland.
Med to grupper fekk alle vera med i skulestova og i Vonheim. Møyfrid Kristoffersen, styreleiar i Haugland og Musland Grendalag, møtte fram og hjelpte til med med organisering og gjennomføring.

I skulestova fekk ein fram skuleminne frå grunnskuletida på Vestlandet, som odtast i fådelt skule. Einar Opedal fortalde om skulen i Gulen. Han kom inn i ei skulestove om lag prikken lik slik det var på heimplassen hans i ytre Sogn. Av andre krinsskular nemner vi mellom anna: Bjordal på sørsida i Høyanger, tidlegare Kyrkjebø, Baugstranda, Omvikdalen, Seglem, Trå skule på Varaldsøy og Skjold skule ved Bergen.

I matstunda fekk alle niste og skulemjølk. Det var leikar på skuleplassen.
Anette Hjelmeland og Bente Nilsen frå Frivilligsentralen var ansvarleg for påmelding, skyss og praktisk gjennomføring.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal