I dag var heile skulen på tur til Skropefjellet. I tillegg til elevar og tilsette frå skulen, hadde vi med oss 4 amerikanske lærarstudentar som er i Kvinnherad akkurat no.

Sidan vergudane er på vår side for tida, så fann vi ut at vi måtta nytta sjansen til ein felles turdag for heile skulen. I dag gjekk difor turen til Skorpefjellet. Eit lite fjell som vi ser kvar einaste dag, men som mange av våre elevar (og tilsette) aldri har vore til.

Foreldre og besteforeldre stilte opp med båtar slik at vi fekk frakta alle over og tilbake med eit par ekstra turar. Vi gjekk vegen/stien frå vågen og opp gjennom “Tunet i det blå”. Når alle var vel framme vart det leik, og avslapping på toppen. Nokre av oss tok turen litt lengre ut på Skorpo og kikka på jettegrytene.

I tillegg til at vi var alle på tur, så hadde vi invitert med oss alle dei amerikanske studentane som for tida er i praksis i kommunen vår. Dei fekk høyra historiar om “Skeivhodno”, livet på garden, myten om det botnlause Skorpevatnet og anna. Sjølv om det var litt ungt både opp og ned, så var alle einige om at turen hadde vore heilt amazing.

Tusen takk til Knut Olav, Torgeir, Birger og Kristian som tok seg tid til å frakta oss både fram og tilbake!

Tekst/Foto/Nett: Odd Steinar Arnesen